fredag 15. mai 2009

Ein heilt vanleg onsdag... ish.

Onsdag 13. mai var som alle andre onsdagar. Bortsett frå at den var heilt annleis og vilt bra.

For nokre av dei fargerike avgangselevane byrja dagen med eit besøk i ein førsteklassetime. Det var forsåvidt interessant, særleg å sjå kor lite elevane kunne om litterær analyse. Etter 3 år med norsk med læraren-de-veit er det uverkeleg å tenkja på at det har vore ei tid i livet då ein ikkje kunne litterær analyse.

Uansett, det er helst tida etter skulen som er verd å skriva om. (Dette vert stress å skriva i 3. person, så eg får heller gå over til å innrømma at det er meg sjølv eg skriv om her. Revolusjonær tanke.) Etter dansetimen såg eg Andrea og Mona sat på torgtrappa, og nokre minutt seinare (etter ein samtale med dei) bestemte eg meg for at eg måtte overnatta på skulen. Eg drog heim og henta sovepose ådi, og kom attende i halv 12-tida. Folk var allereie i gang, på alle måtar vil eg tru. Det tok ikkje lang tid før eg levde meg inn i det, eg òg. Det var altså fest, i skulegården, på ein onsdagskveld. Ein tur opp i ei flaggstang (for buksa mi, ikkje meg sjølv) resulterte i knute. Ein tur på dickens resulterte i dobbelknute. Ein tur ut av dickens resulterte i nokre koselege minutt og noko å prata om ei stund frametter (mest for dei som såg det og eventuelt ikkje hadde venta det). Resten av kvelden var òg hyggeleg, og morgonen less so.

Eg er glad for at denne bloggen skal slettast snart. For det skal han, ikkje sant?

Det har ikkje vore så mykje søvn den siste veka. Men det er eigentleg greitt. Det er jo russetid. Og snart er det over.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar