Måndag 11. mai klokka 23:05 møttest 4 spreke russ på 7-11 i Stavanger sentrum. Derfrå tok dei bussen til misjonshøgskulen og satte ut på leit etter hagen til ein vellikt lærar. Eit par timar seinare (etter brødinnkjøp og ein del venting) banka ho med den gule genseren på hos "naboane" til denne læraren (dei som budde i etasjen under) og spurde om det var greitt at desse fire snille russejentene berre sov ei natt i hagen deira. Og det var sjølvsagt greitt, trass i at dei vart litt skremde.
Nokre få, korte timar etter det igjen sto sola opp og russejentene byrja sakte men sikkert å møta den nye dagen. Ei lita stund etter det igjen pakka dei saman tinga sine og laga ein fin frukost med mellom anna leverpostei og kaffi. Dei ringte på døra, men fekk med det første ikkje svar. Ho med det lyse håret (eller var det ho med krøllene?) sende ei melding til læraren, der det sto noko som "Ding dong, frokost", og det var det som skulle til. Ikkje mange minutt seinare sat fire russejenter og ein lærar og åt frukost (i russejentene sitt tilfelle innebar det å drikka appelsinjuice).
Det var altså ein vellukka affære, og ho med gul genser og ho med raud lue vart samde om at dei godt kunne gjort dette utan å få knute. Men det er jo ein fin bonus, då.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar